Her finn du søm, redesign mm. laga i ledige stunder. Redesign fordi det er miljøvennleg og fordi det gjev eit kick å kunne skape noko nytt og unikt av vakre brukte ting. Håper du finn noko du liker! Bloggen er full av ting eg har lagd og sydd dei siste åra. Noko har vore til eige bruk, noko til sals. Du får ha meg unnskyldt at eg vaklar mellom bokmål og nynorsk...
Du finn finåsjåpå ting heile året hos Om att på sørsida i Førde. Om att sel brukte kle til vaksne og barn, fairtrade handverk, redesign og sjokolade. Om att er annleisbutikken som vil vere ei motvekt mot bruk og kast-trenden.
KONTAKT
Skriv til ingridnorum@gmail.com om du vil kjøpe eller tinge noko.
INSTAGRAM
finåsjåpå finn du på Instagram som @finaasjaapaa. Føl gjerne med der. Om du tek bilde av ein fin å sjå på ting så hashtag gjerne bildet med #finåsjåpå.